Hopp til innhold
X
Innhald

Dolkhalar

Dolkhalar, Xiphosura, er ei gruppe marine leddyr. Dei kan verte inntil 60 cm lange. Dolkhalar har ein lang, rørleg halepigg og eit skjold forma som ein hestesko. Dei lever på austkysten av Nord-Amerika og i Søraust-Asia. Alt i perm og i trias-jura fanst det artar som er nært i slekt med artar som lever no: I perm gjaldt det Palaeolimulus og i trias-jura Mesolimulus. Dei eldste kjente formene av dolkhalar er frå kambrium.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.09.2012
Sist oppdatert: 18.09.2012