Hopp til innhold
Edderkopp. Foto: Stina Aasen Lødemel / Allkunne.
Edderkopp. Foto: Stina Aasen Lødemel / Allkunne.
X
Innhald

Edderkopp

Det finst  om lag 30 000 artar av edderkoppar, av desse finst 560 i Noreg. Dyra har fire beinpar på framkroppen. Bakkropp og framkropp er bundne saman med ein smal midje.

Edderkopp, Araneae, er ein orden av edderkoppdyr. Vi kjenner til om lag 30 000 artar av edderkoppar, av desse finst 560 i Noreg. Dyra har fire beinpar på framkroppen. Bakkropp og framkropp er bundne saman med ein smal midje.

Edderkoppar har stor evne til å spinne, og kan spinne fangstnett, eggkokongar med meir. Hannen, som hos mange edderkoppar er mykje mindre enn hoa, overfører sæd via omdanna beinfølarar, pedipalpar.

Krossedderkoppen høyrer til hjulspinnarane. Myredderkoppen er den største i Noreg. Han har ein kropp på 2 cm. Svart enkje er frykta i Nord-Amerika. Dei store, hårete fugleedderkoppane i Sør-Amerika har opptil 26 cm lange bakbein, men dei er ikkje spesielt giftige.

Edderkoppar vert også kalla kongroer.

Video: Videoen frå BBC Earth viser ein hoppedderkopp på jakt. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2017