Hopp til innhold
 Flått. Foto: Robives, Flickr.com CC BY-NC-SA
Flått. Foto: Robives, Flickr.com CC BY-NC-SA
X
Innhald

Flått

Flått er ein familie av store, blodsugande middar.

Dei angrip virveldyr og kan skifte vert fleire gonger. Det finst 12 artar i Noreg, og av desse er skogflått, med latinsk namn Ixodes ricinus, best kjend. Han vert også kalla skaumann eller skaubjønn og finst i kyststrøka frå Hvaler til Brønnøysund. Skogflått kan overføre Borrelia-bakterien til menneske.
 

Film frå youtube.com, http://www.youtube.com/watch?v=q5m4TY4f8eQ [lesedato 9.4.2013]
Filmen viser ein flått som legg egg. Filminga er gjort i kunstig og ideelt miljø, i sitt naturlege miljø vil flåtten bruke lenger tid på prosessen med egglegging og klekking.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.09.2012
Sist oppdatert: 18.05.2017