Hopp til innhold
 Tse tse-fluga. Foto: Aussie Carl, flickr.com
Tse tse-fluga. Foto: Aussie Carl, flickr.com
X
Innhald

Fluger

Fluger høyrer til underordenen Brachycera. Dei er tovengja insekt som ikkje er mygg.
 
Flugene har kortare følehorn og kraftigare kropp enn mygg. Dei har fullstendig forvandling. Denne underordenen omfattar mellom anna klegg, bremsar, blomsterfluger og fruktfluger, inkludert bananfluger. Han omfattar også smittespreiarar som spyfluger og kjøtfluger og artar av husflugefamilien. Til den same familien høyrer stikkefluge, som syg blod frå dyr og menneske, og tsetsefluge i tropisk Afrika.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.09.2012
Sist oppdatert: 18.09.2012