Hopp til innhold
X
Innhald

Foraminiferar

Foraminiferar, Foraminifera, er ei klasse av protozoar. Dei vert også kalla eincella dyr. Dei har skal av kalk eller hornstoff. Skalet er bygd opp av fleire kammer. Vi kjenner til fossile foraminiferar heilt frå kambrisk tid. Det finst om lag 30 000 artar, og av desse er 90 % fossile.
 
Foraminiferar vert i stort monn brukte som leiefossil, først og fremst i boring etter olje. Dei vert nytta til aldersdateringar og til tolking av marine miljø i fortida.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.09.2012
Sist oppdatert: 18.09.2012