Hopp til innhold
 Foto: Thomas Bresson, flickr.com
Foto: Thomas Bresson, flickr.com
X
Innhald

Honningbie

Honningbie, Apis mellifera, stammar opphavleg frå Asia. Om sommaren lever honningbia i eit samfunn med arbeidsbier, hannar, kalla dronar, og éi hoe, dronninga. Bolet til honningbia har form av hengjande vokskaker med like store, sekskanta celler. Voksen vert utsondra frå vokskjertlar.
 
Bidronninga parar seg berre éin gong. Deretter legg ho egg i to til tre år i cellene i vokskaka. Når kolonien vert for stor, kan dronninga forlate kuben saman med ein del av arbeidarane for å danne eit nytt samfunn. Det vert kalla bryllaupsflukt eller sverming.
 
Honningbia har ein giftbrodd med mothake som set seg fast når ho stikk. Mennesket har kultivert honningbier i om lag 5000 år. Honningbia er også viktige for pollineringa av frukttre, eng med vidare. Pollen vert frakta frå blomster til blomster når honningbia samlar nektar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.09.2012
Sist oppdatert: 20.09.2012