Hopp til innhold
X
Innhald

Hoppekreps

Hoppekreps, Copepoda, er ei klasse av småkreps som er 1—5 mm lange. Dei fleste hoppekrepsane lever i havet, men mange lever også i ferskvatn. Nokon av dei er snyltarar. Fleire av artane er viktige næringsdyr, mellom anna raudåte. Det finst over 8500 kjende artar av hoppekreps, og av desse er omkring 500 funne i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.09.2012
Sist oppdatert: 20.09.2012