Hopp til innhold
 Humle. Foto: SpacialAwareness, flickr.com CC BY
Humle. Foto: SpacialAwareness, flickr.com CC BY
X
Innhald

Humler

Humler høyrer til slektene Bombus og Psithyrus av biefamilien. Det finst om lag 33 sortar humler i Noreg.
 
 
Humler høyrer til slektene Bombus og Psithyrus av biefamilien. Det finst om lag 200 kjende artar, av desse er det 33 i Noreg. Kroppen er tjukk og tetthåra, og dronningar og arbeidarar har stikkebrodd.
 
Humlene byggjer bol i jorda. Berre dei befrukta dronningane overvintrar. Om våren lagar dei nye bol, som er enkle voksceller som vert fylte med honning, blomsterstøv og tre—fire egg. Arbeidarane er sterile hoer. Dei vert utvikla utover sommaren. Seinare på sommaren vert det utvikla hannar og store, kjønnsmodne hoer, dronningar.
 
Humlene er viktige i bestøvinga av mange kulturvekstar, for eksempel raudkløver. Sjå bier. 

Sjå video frå NRK Skole, "Kjære humler":
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.09.2012
Sist oppdatert: 25.08.2014