Hopp til innhold

 Europeisk hummar, fotografert i Noreg av Asbjørn Hansen, flickr.com
Europeisk hummar, fotografert i Noreg av Asbjørn Hansen, flickr.com
X
Innhald

Hummar

Hummaren høyrer til slekta Homarus av ordenen tifotkreps. Det fremste beinparet til hummaren er omdanna til kraftige klør. Den eine er ei knuseklo med knutar, den andre ei skjereklo med sagtanna egg. Hummaren har kraftig, muskelfylt bakkropp, det vi kallar «hale».
 
Europeisk hummar, Homarus gammarus, er utbreidd langs kysten frå Middelhavet til Troms. Vaksne humrar skiftar det svartbrune skalet omtrent annankvar sommar. Det svarte skalet vert raudt ved koking. Hummaren jagar om natta. Han et for det meste skjel, sniglar, kråkebollar og liknande, men han er også kannibal.
 
Minstemål ein hummar må ha for å kunne fangast, er 25 cm, ved sørlandskysten 24 cm. Hummaren er freda i tida for skalskifte. Den største hummaren som er teken i Noreg, var 54 cm. Han vog 7,5 kg og var om lag 50 år gammal.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.09.2012
Sist oppdatert: 20.09.2012