Hopp til innhold
 Husbukk. Foto: Udo Schmidt, flickr.com
Husbukk. Foto: Udo Schmidt, flickr.com
X
Innhald

Husbukk

Husbukk, Hylotrupes bajulus, er eit insekt i ordenen biller. Han er 1—2 cm lang. Husbukken legg egg i sprekkar i treverk. Larvene borar lange gangar i veden, der dei kan leve i fem år eller meir. Husbukk finst i kyststrøka frå Hvaler til Kristiansand og i fjordstrøka på Vestlandet. Han er eit frykta skadedyr i hus.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.09.2012
Sist oppdatert: 20.09.2012