Hopp til innhold
 Husfluge. Foto: Eran Finkle, flickr.com
Husfluge. Foto: Eran Finkle, flickr.com
X
Innhald

Husfluge

Husfluge, Musca domestica, er eit insekt i ordenen tovengjer. Husfluga er nær knytt til menneskebustader. Ho vert 7—8 mm lang og har sugesnabel. Husfluga legg 100—150 egg om gongen. Larvene utviklar seg i dyre- og planterestar, særleg gjødsel. Husfluga kan overføre sjukdommar som dysenteri og andre formar for diaré.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.09.2012
Sist oppdatert: 20.09.2012