Hopp til innhold
 Igle. Foto: Michael Jefferies, flickr.com
Igle. Foto: Michael Jefferies, flickr.com
X
Innhald

Igler

Igler, Hirudinea, er ei klasse av leddormar.
 
Iglene vert delte inn i fire ordenar: børsteigle, snabeligle, kjeveigle og svelgigle. Til snabeligle høyrer fiskeigle og bruskigle. Til kjeveigle høyrer blodigle eller legeigle og hesteigle. Til svelgigle høyrer hundeigle.
 
Som oftast har iglene ei sugeskål bak og ei framme rundt munnen. Iglene omfattar relativt få artar, og dei fleste av dei lever i ferskvatn eller på fuktige stader på land. Nokre av dei er rovdyr som sluker byttet, andre syg blodet av større dyr, også menneske. Sjå blodigle.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.09.2012
Sist oppdatert: 20.09.2012