Hopp til innhold
X
Innhald

Iktar

Iktar utgjer to klasser av snyltande flatormar. Det finst mange slekter og artar av iktar. Dei utvendig snyltande iktane, Monogenea, omfattar mellom anna fiskeiktar, som er utvendige snyltarar på fisk.
 
Til dei innvendig snyltande iktane, Trematoda, høyrer leverikte, som snyltar i levra hos større pattedyr. Iktar er årsak til visse sjukdommar hos menneske, for eksempel bilharziose i tropane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.09.2012
Sist oppdatert: 20.09.2012