Hopp til innhold
X
Innhald

Infusjonsdyr

Infusjonsdyr eller infusoriar er populærnamn på ciliatar eller flimmerdyr. Dei fleste har cellemunn, fast kroppsform og flimmerhår heile livet.
 
Tentakkelinfusjonsdyr eller sugeinfusjonsdyr har sugetentaklar og flimmerhår berre i ungdomsstadiet. Infusjonsdyr lever både i salt- og ferskvatn, ofte som snyltarar i andre dyr.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.09.2012
Sist oppdatert: 20.09.2012