Hopp til innhold

 Insekt. Foto: Paulo Brandào, flickr.com
Insekt. Foto: Paulo Brandào, flickr.com
X
Innhald

Insekt

Mange insekt er dyktige flygarar. Augestikkarane kan flyge i 25 km/t. Hos visse myggartar slår vengjene 1000 slag per sekund.
Insekt, Insecta, er ei klasse av leddyr. Kroppen er oppdelt i hovud, bryst og bakkropp. Insekt har eit hardt, ytre skjelett, kutikula. Det vernar dei indre organa og hindrar insektet i å tørke ut.
 
Insekta har ein velutvikla muskulatur. I hovudet sit sanseorgan, store fasettauge, og føle-, smak- og luktesans på antenner og munndelar. På brystet sit seks bein og oftast fire vengjer. Fluger og mygg er tovengja. Framvengjene til billa er omdanna til harde dekkvengjer.
 
Mange insekt er dyktige flygarar. Augestikkarane kan flyge i 25 km/t. Hos visse myggartar slår vengjene 1000 slag per sekund. Bakkroppen rommar tarm, ekskresjonsorgan og indre organ.
 
Insekta har indre befrukting med penis. Hos mange insekt er eggleggingsrøyret forma som ein brodd, og hos stikkeveps er det omdanna til ein giftbrodd. Hos bladlus og nokre tovengja insekt vert egga haldne tilbake i kroppen til hoa inntil dei vert klekte.
 
Hos primitive insekt liknar ungane dei vaksne. Dei har direkte utvikling. Ved ufullstendig forvandling vert vengjene utvikla ved kvart hudskifte. Ved fullstendig forvandling, metamorfose, er larva svært ulik den vaksne, imago, og eit kvilestadium som puppe dannar overgangen frå larve til vakse insekt.
 
Dei eldste insekta er fossil frå devon, det vil seie for 350 millionar år sidan. I dag kjenner vi til nærmare 1 million artar, sannsynlegvis finst det 23 000 i Noreg. Mykje tyder på at fleire millionar insektartar enno ikkje er oppdaga. Insekt har stor tilpassingsevne, og dei er ofte enormt fruktbare.
 
Insekt kan vere farlege smittespreiarar. Sjukdomar som malaria og gulfeber vert overførte av ein mygg. Tyfus vert overført av lus og husfluger, som også spreier dysenteri og kolera. Lopper overfører pest, og sovesjuke vert overført av tsetsefluga. Ho overfører også naganasjuken til buskap i tropisk Afrika. Insekt med stikkande munndelar, som sikadar og bladlus, kan spreie virussjukdommar til planter. Insekt med bitande munndelar kan gjere stor skade, som for eksempel koloradobilla, barkbiller, husbukk og vandregrashopper i Afrika. Kjemiske middel og biologiske metodar, for eksempel snylteveps og bakteriar, er tekne i bruk for å utrydde skadeinsekt.
 
Nytteinsekt for mennesket er bier, som produserer honning, og silkeormar, som spinner silketråd. I økologisk samanheng er insekt viktige for pollinering, dei er mat for andre dyr, som fisk og fugl, og dei medverkar til nedbryting av plante- og dyrerestar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.09.2012
Sist oppdatert: 28.09.2012