Hopp til innhold
 Klannar. Foto: Udo Schmidt, flickr.com
Klannar. Foto: Udo Schmidt, flickr.com
X
Innhald

Klannar

Klannarar, Dermestidae, er ein familie av små til mellomstore biller. Dei hårete larvene lever av inntørka dyreskrottar, men i hus gjer dei stor skade. Av dei om lag 1000 artane er 21 funne i Noreg. Mellom anna kan vi finne pelsbiller på pelsverk, fleskeklannarar på spekekjøt, brødvarer og liknande og tørrfiskbilla på tørrfisk. I museum kan museumsbilla herje i dyre- og plantesamlingar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.09.2012
Sist oppdatert: 21.09.2012