Hopp til innhold
 Klegg. Foto: Arthur Chapman, flickr.com
Klegg. Foto: Arthur Chapman, flickr.com
X
Innhald

Klegg

Klegg, Tabanidae, er ein familie av raske, tovengja insekt. Kleggen har sugemunn med stikkereiskap. Hoa syg blod av husdyr og menneske og kan overføre sjukdommar, mest i tropane. Hannen lever av plantesaft. Larvene er rovdyr i vatn og på våte stader.
 
Av dei om lag 4000 artane er 40 funne i Noreg. Ein vanleg art er kuklegg. Han flyg med ein summande lyd og angrip for det meste dyr. Regnklegg og blinding er også vanlege. Dei flyg lydlaust og angrip menneske.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.09.2012
Sist oppdatert: 21.09.2012