Hopp til innhold
X
Innhald

Knott

Knott, Simuliidae, er ein familie av tovengja insekt. Dei er 2—5 mm lange, flugeliknande mygg med stikkande og bitande munndelar. Hoene er blodsugarar. Spyttet deira inneheld eit giftstoff. Knott angrip ofte i svermar. Det kan vere farleg å få mange stikk av knott, både for dyr og menneske.
 
Vi kjenner til over 1500 artar, av desse finst nær 50 i Noreg, mellom anna gjendefluga og tunefluga. Sjå mygg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.09.2012
Sist oppdatert: 21.09.2012