Hopp til innhold
 Foto: lamcophis, flickr.com
Foto: lamcophis, flickr.com
X
Innhald

Koloradobille

Koloradobille, Leptinotarsa decemlineata, er ei om lag 1 cm lang, gul bladbille med mørke striper. Både billene og larvene lever av potetgraset, og dei kan valde store skadar. Koloradobilla levde opphavleg i Colorado, USA. Der levde ho av ville planter inntil nybyggjarane begynte å dyrke poteter om lag 1850.
 
Billa kom til Frankrike i 1922 og til Tyskland i 1936. Etter 1945 har ho spreidd seg over heile Europa, med unnatak av Storbritannia, Finland og Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.09.2012
Sist oppdatert: 21.09.2012