Hopp til innhold
 Korallrev i Australia, foto: babasteve, flickr.com
Korallrev i Australia, foto: babasteve, flickr.com
X
Innhald

Koralldyr

Koralldyr lever av små, virvellause dyr og fiskeyngel, som dei fangar med tentaklane og bedøver med gift frå neslecellene.

Koralldyr, Anthozoa, er ei klasse av nesledyr som lever i havet. Mange av dei dannar koloniar. Dei opptrer berre som fastsitjande polyppar og dannar ikkje meduser. Kroppen liknar på ein sekk. På oversida har dei ei munnopning som er bøygd innover til eit svelgrøyr. Det er omkransa av innhole fangarmar, tentaklar, med nesle- og klistreceller.
Koralldyr lever av små, virvellause dyr og fiskeyngel, som dei fangar med tentaklane og bedøver med gift frå neslecellene. Koralldyra formeirar seg kjønna eller ukjønna, det vil seie ved deling eller knoppskyting. Dei skil ut hornstoff eller kalk som dannar indre eller ytre skjelett. Kalkskjelettet, korallen, vert igjen når dyret døyr. Visse korallar er ettertrakta for å framstille smykke og liknande.
Koralldyra vert inndelte i fire grupper. Den eine er åttetalskorallar med lêrkorallar, for eksempel daudinghand, som er vanleg på kysten av Noreg. Den andre gruppa er sjøfjør og sjøtre, for eksempel edelkorallar i Middelhavet. Den tredje er sekstalskorallar med mellom anna dei fargerike sjøanemonane, som manglar skjelett. Den fjerde gruppa er steinkorallane, som dannar rev i tropiske havområde.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.09.2012
Sist oppdatert: 04.08.2014