Hopp til innhold

 Taskekrabbe på sunnmørskysten. Foto Anders Finn, flickr.com
Taskekrabbe på sunnmørskysten. Foto Anders Finn, flickr.com
X
Innhald

Krabbe

Krabbar, Brachyura, er ein underorden av tifotkreps. Krabben har sterkt redusert bakkropp som han ber bøygd under det store brystskjoldet. Klosakser finst berre på det første paret brystbein. Bakkroppen til hoa er noko breiare enn hannen sin, og ho ber egga på haleføtene.
Over 4500 artar er omtalte; i norske farvatn finst om lag 35. Størst økonomisk interesse har taskekrabbe, høvring og palltosk, Cancer pagurus. Dei lever på 0—50 meters djup der det er fjell, stein, fast leire eller botn av skjelsand. Krabbane et fisk, skjel, sniglar og andre botndyr. Dei søkjer til djupare vatn om vinteren. Strandkrabbe, Carcinus maenas, er vanleg langs det meste av kysten vår. Sjå krepsdyr.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.09.2012
Sist oppdatert: 21.09.2012