Hopp til innhold
X
Innhald

Krassar

Krassarar, Acanthocephala, er ei rekkje av langstrekte ormar som snyltar i virveldyr. Kroppen har fremst ein snabel med krokar som ormen nyttar for å feste seg til verten sin tarmvegg. Dei fleste artane er 1—3 cm lange. Larvene finst ofte i kreps og insekt. Krassarar er funne i både fisk, fugl og pattedyr i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.09.2012
Sist oppdatert: 21.09.2012