Hopp til innhold
  Foto: Bill
Foto: Bill
X
Innhald

Krepsdyr

Krepsdyr, Crustacea, er ei underrekkje av leddyr. Det finst om lag 40 000 nolevande artar i ti klasser. Dei opptrer over heile verda, vesentleg i havet.
 
Det er funne fossil av krepsdyr frå tidleg kambrium, det vil seie for 530 millionar år sidan. Dei finst i storleik frå mikroskopisk til 60 cm, som er maksimal storleik for hummaren. Kroppen er dekt med eit hardt skal, kutikula, som vert skifta etter kvart som dyret veks.
 
Krepsdyra har to par antenner. Kroppen er inndelt i hovud, bryst og bakkropp. Dei pustar med gjeller.
 
Krepsdyra utviklar seg frå egg via ei rekkje larvestadium. Dei omfattar mellom anna klassene bladfotingar, muslingkreps, hoppekreps, rankefotingar, fiskelus og storkreps, mellom anna kreps, krabbar, reker, skrukketroll og tanglopper. Mange små krepsdyr er viktig føde for fisk og blautdyr. Dei største krepsdyra vert rekna som delikatesse.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.09.2012
Sist oppdatert: 21.09.2012