Hopp til innhold
 Krill. Foto: The Sun and Doves, flickr.com
Krill. Foto: The Sun and Doves, flickr.com
X
Innhald

Krill

Krill eller lyskreps, Euphausiacea, er ein orden av 7—80 mm lange storkreps som lever som plankton i havet. Dei har rekeform, men manglar knekken på bakkroppen til rekene. Krill har ofte lysorgan. Vi kjenner til om lag 100 artar, av desse har vi 11 i norske farvatn. Storkrill, Meganyctiphanes norvegica, er den vanlegaste typen. Han kan verte 50 mm lang. Krill opptrer ofte i store mengder mellom anna i Antarktis. Dei er hovudnæring for mangefiskeslag, mellom anna sild og makrell, og for bardekvalar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2012
Sist oppdatert: 24.09.2012