Hopp til innhold

 Sjøedderkopp. Foto: CFFS/NEPTUNE Canada.
Sjøedderkopp. Foto: CFFS/NEPTUNE Canada.
X
Innhald

Leddyr

Leddyr, Arthropoda, er ei dyrerekkje med ledda kropp. Leddyra er ofte delte i tre kroppsavsnitt, og dei har lemer med ledd. Lemene er spesialiserte og vert brukte som føle-, gripe-, tyggje-, symje-, forplantings- og rørsleorgan. Til kvart kroppsledd, segment, svarer det opphavleg eitt par lemer. Ein ytre, hard kutikula dannar eit hudskjelett.
 
Leddyra er dei einaste virvellause dyr som heilt har tilpassa seg til å leve på land. Dei er den mest artsrike dyregruppa med over éin million kjende artar. Det finst ein stad mellom tre og fem millionar ukjende leddyr. Dei viktigaste klassene er krepsdyr, havedderkoppar, insekt, kongrodyr, tusenbein og skolopendrar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2012
Sist oppdatert: 24.09.2012