Hopp til innhold
X
Innhald

Leveriktar

Leveriktar eller saueflyndrer, er ei gruppe iktar som i eit stadium av livssyklusen held til i levra hos pattedyr, særleg sauer, eller fuglar. Dei fører til leverråte. I Noreg finst den store leverikten, Fasciola hepatica, langs kysten opp til Troms. Han er 20—30 mm lang og har stor damsnigel som mellomvert. Den vesle leverikten, Dicrocoelium dendriticum, er 8—10 mm lang. Han finst spreidd over heile landet. Mellomvert er ein landsnigel og ein maur.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2012
Sist oppdatert: 24.09.2012