Hopp til innhold

 Hageløpar. Foto: Chris Moody, flickr.com
Hageløpar. Foto: Chris Moody, flickr.com
X
Innhald

Løpebille

Løpebiller, Carabidae, er ein familie av biller som omfattar om lag 30 000 artar. Om lag 270 av desse finn vi i Noreg. Løpebiller har ein mørk, ofte metallaktig farge. Mange løpebiller vernar seg ved å skilje ut ei væske med ekkel lukt. Dei fleste løpebillene lever av insekt og smådyr. Larvene lever i jorda.
 
Blant dei største norske artane er hageløparen, Carabus hortensis, og lêrløparen, C. coriaceus, som kan verte opptil 4 cm lang.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2012
Sist oppdatert: 24.09.2012