Hopp til innhold
 Loppe. Foto: Armed Forces Pest Management Board, flickr.com
Loppe. Foto: Armed Forces Pest Management Board, flickr.com
X
Innhald

Loppe

Lopper, Siphonaptera, er ein insektorden som tel om lag 2000 vengjelause artar. Kroppen er flattrykt frå sidene, og bakbeina er kraftige hoppebein. Lopper syg blod av pattedyr og fuglar. Loppene har fullstendig forvandling, og larvene lever i vertsdyret sitt bol eller reir, i golvsprekkar og liknande. Det er funne om lag 55 artar i Noreg.
 
Menneskeloppa, Pulex irritans, er forsvunnen frå Noreg. Til slekta Ctenocephalus høyrer hundeloppa og katteloppa, som begge også trivst på menneske. Fugleloppa, Ceratophyllus, kjem ofte inn i hus frå fuglereir. Lopper kan overføre bendelormar og rundormar. Pestloppa, Xenopsylla cheopis, overfører byllepest frå gnagarar. Ho medverka til svartedauden.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2012
Sist oppdatert: 24.09.2012