Hopp til innhold
 Lus. Foto: Gilles San Martin, flickr.com
Lus. Foto: Gilles San Martin, flickr.com
X
Innhald

Lus

Lus, Phthiraptera, er små, flattrykte, vengjelause insekt. Vi kjenner til i alt 6000 artar. Beina er spesialiserte til å klamre seg fast i fjør og hår. Pattedyrlus omfattar artar som syg blod på pattedyr. Det finst 20 artar av desse i Noreg.
Menneskelus, Pediculus humanus, opptrer i to rasar. Den eine er hovudlus, som berre finst i håret. Den andre er kroppslus, som held til i undertøyet eller på kroppen på stader utan hår. Ho kan mellom anna overføre flekktyfus. 
Flatlus, Phthirus pubis, held til på hårete stader, for eksempel i skjegg, augebryn og i lysken, men ikkje i hovudhår. Pels- og fjørlus har munndelar til å bite med og et hud, blod, fjør og hår hos pattedyr og fugl. Det finst om lag 225 artar i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2012
Sist oppdatert: 24.09.2012