Hopp til innhold

 Målar fotografert i Italia. Foto: Remo Angelini, flickr.com
Målar fotografert i Italia. Foto: Remo Angelini, flickr.com
X
Innhald

Målar

Målarar, Geometridae, er ein familie av sommarfuglar. Målarlarvene har berre to par føter på bakkroppen. Dei bøyer kroppen vekselvis i ein boge og rettar han ut når dei går. Målarar har store og ofte lyse vengjer, slik at dei kan minne om dagsommarfuglar.
 
Det er registrert over 20 000 artar av målarar, i Noreg finst det om lag 300.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.09.2012
Sist oppdatert: 25.09.2012