Hopp til innhold
 Brennmanet, foto: Vidar Aas, Aqua-Fotos, flickr.com
Brennmanet, foto: Vidar Aas, Aqua-Fotos, flickr.com
X
Innhald

Manet

Maneter er to klasser av nesledyr; småmaneter og stormaneter. Manetene lever i vatn og har nesleceller med gift som dei bruker ved fangst og forsvar.

Maneter er to klasser av nesledyr; småmaneter og stormaneter. Manetene lever i vatn. Maneter finst i to former med ulik kroppsbygnad; meduser, det vil seie maneter, og polyppar. Mange maneter har generasjonsveksling, frittsymjande meduser og fastsitjande polyppar.
 
Maneter er blant dei eldste fossile dyra, og dei er funne i prekambriske bergartar. Dei har ein klokkeforma, gjennomsiktig kropp av geléliknande substans, og han er omgitt av to cellelag. Munnen sit på undersida på ein kort stilk. Manetene har nesleceller med gift som dei bruker ved fangst og forsvar. Hos somme maneter kan gifta påføre menneska smerte som svir.
 
Foto: Irene Sveian, flickr.com CC BY 2.0
 
Foto: Irene Sveian, flickr.com CC BY 2.0
 
Til stormanetene høyrer glasmanet og brennmanet. Hydroidane, hydra og kolonimaneten, høyrer til småmanetene, Hydrozoa. Kolonimanetene, Siphonophora, kan reknast som flytande kolonipolyppar. Sjå kolonimaneter.
 
Sjå video om brennmaneter frå NRK Skole:
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2012
Sist oppdatert: 25.08.2014