Hopp til innhold

 Marihøne. Foto: Anne Tanne, flickr.com
Marihøne. Foto: Anne Tanne, flickr.com
X
Innhald

Marihøne

Marihøner, Coccinellidae, er ein familie av små biller med oval kroppsform og følarar som er forma som køller. Marihønene kan skilje ut ei fråstøytande væske frå beina. Både larver og biller av marihøne lever av bladlus, med unnatak av nokre artar som lever av plantenæring. Dei vert rekna som nytteinsekt.
 
Det finst om lag 5000 artar av dei, og 54 av desse finn vi i Noreg. Dei mest vanlege er den sjuprikka marihøna, Coccinella septempunctata, og den toprikka marihøna, Adalia bipunctata. Prikkane har ikkje noko med alderen å gjere.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2012
Sist oppdatert: 24.09.2012