Hopp til innhold
 Raud skogmaur. Foto: Jukka, flickr.com
Raud skogmaur. Foto: Jukka, flickr.com
X
Innhald

Maur

Maur, Formicidae, er sosiale insekt som høyrer til ordenen veps. Dei omfattar om lag 9000 artar, og er særleg utbreidde i tropane. Det finst 50 artar i Noreg.
I maursamfunnet lever hannar, hoer, det vil seie dronningar, og arbeidarar. Dei siste er sterile hoer. Hannar og hoer har vengjer når dei svermar, sjå flygemaur.
Eitermaur, Myrmica, og jordmaur, Lasius, har tuer og gangar under stein, i jord og i grasplenar. Skogmaur, som høyrer til gruppa Formica rufa, byggjer tuer av barnåler og strå. Stokkmaur, Camponotus, lever i daude tre og stubbar og gjer skade i hus. Maur er økologisk viktige og et skadedyr i skogen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2012
Sist oppdatert: 24.09.2012