Hopp til innhold
 Meitemakk. Foto: dnnya17, flickr.com
Meitemakk. Foto: dnnya17, flickr.com
X
Innhald

Meitemakk

Meitemakk, Lumbricidae, er ein familie av fåbørstemakk. Dei finst over heile verda, og vi har 20 artar i Noreg. Meitemakken har ein langstrekt og sylindrisk kropp som er tilspissa framme og avrunda bak. Kroppen er sett saman av segment, ledd, med korte børstar. Saman med musklane utgjer dei rørsleorgan.
 
Meitemakken har ikkje auge, men hudcellene reagerer på lys. Han pustar gjennom huda, og ho må haldast fuktig. Meitemakken har eit kjertelrikt belte rundt kroppen. Det skil ut slim i samband med forplantninga. Meitemakken er tokjønna, og to individ befruktar kvarandre.
 
 Meitemakken grev gangar i jorda ved å bore og ete seg fram, og han gjer jordsmonnet laust og dannar moldjord.
 
Av norske artar har vi mellom anna stor meitemakk, Lumbricus terrestris, som kan verte inntil 30 cm lang, kompostmeitemakk, Eisenia foetida, skogmeitemakk, L. rubellus og grå meitemakk, Allolobophora calignosa. Australsk kjempemeitemakk kan verte opptil 3 m lang.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2012
Sist oppdatert: 24.09.2012