Hopp til innhold
X
Innhald

Midd

Middar, Acari, er ein orden av edderkoppdyr. Vi kjenner til om lag 30 000 artar, av desse finst om lag 800 i Noreg. Dei fleste er bitte små, heilt ned til 0,1 mm. Dei største kan verte inntil 3 cm. Kroppen er ikkje tydeleg delt i ledd, og munndelane er bitande eller stikkande.
 
Middar er talrike i jordbotnen og på planter. Mange artar er parasitter. Skabbmidd fører til skabb hos menneske. Gallmidd gjer skade på nytte- og prydplanter, medan ostemidd kan gi smak til skarpe ostar. Flått syg blod av menneske og dyr og kan spreie sjukdommar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2012
Sist oppdatert: 09.04.2013