Hopp til innhold
X
Innhald

Mimikry

Mimikry er ei form for vernelikskap som går ut på at eit meir eller mindre forsvarslaust dyr etterliknar synlege og iaugefallande eigenskapar hos eit frykta dyr.
 
Teorien vart sett fram i 1862 av Henry W. Bates.
 
Ei anna form for mimikry er at forskjellige frykta dyr har utsjånad som samsvarer. Mimikry er særleg utbreidd blant insekt og i tropane. I Noreg ser den harmlause glasvengjesvermaren ut som ein stikkeveps.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2012
Sist oppdatert: 24.09.2012