Hopp til innhold

 Mjølbille. Foto: Chris Moody, flickr.com
Mjølbille. Foto: Chris Moody, flickr.com
X
Innhald

Mjølbiller

Mjølbiller høyrer til familien skuggebiller, Tenebrionidae. Fleire artar av mjølbiller er skadedyr i mjøl og andre tørre planteprodukt. Stor mjølbille, Tenebrio molitor, er om lag 1,5 cm lang og mørkebrun. Larvene, mjølormar, er gule og voksaktige. Dei vert brukte til fôr til burfuglar. Brunsvart mjølbille, Tribolium destructor, og rismjølbille, T. confusum, finn ein i hushald, i møller og bryggjeri.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2012
Sist oppdatert: 24.09.2012