Hopp til innhold
X
Innhald

Mjøllus

Mjøllus, Aleyrodoidae, er ein overfamilie av insektordenen plantesugarar. Dei er 1—2 mm lange, og kropp og vengjer er dekte av kvit voks. Dei vert også kalla kvitfly. Det finst seks artar i Noreg. Dei gjer skade på stove- og veksthusplanter, og i varme land gjer dei også skade på vekstar i friluft.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2012
Sist oppdatert: 24.09.2012