Hopp til innhold

 Spinnmøll. Foto: Donald Hobern, flickr.com
Spinnmøll. Foto: Donald Hobern, flickr.com
X
Innhald

Møll

Møll er ei nemning brukt om fleire familiar av små sommarfuglar med smale vengjer og hårfrynser på bakkanten av bakvengjene. Mange av dei er skadedyr. Larvene av klesmøll, Tineola bisselliella, lever i tøy av dyrisk opphav, men angrip ikkje lin og bomull, som mest er samansette av karbohydrat. Larvene av pelsmøll, Tinea pellionella, har dei same eigenskapane.
 
Kornmøll, Nemapogon granella, er skadedyr på lagra korn. Rognebærmøll, Argyresthia conjugella, er vanleg i heile Noreg og legg egg på eple i år med lite rognebær. Larvene av kålmøllen, Plutella xylostella, kan gjere skade i kålåkrar. Larver av spinnmøllartar, Yponomeuta, kan somme år snauete lauvtre, særleg eple, hegg og rogn. Trea vert dekte av spinnet deira.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.09.2012
Sist oppdatert: 25.09.2012