Hopp til innhold
 Monarksommarfugl. Foto: Mike Baird, flickr.com
Monarksommarfugl. Foto: Mike Baird, flickr.com
X
Innhald

Monarksommarfugl

Monarksommarfuglar, Danainae, er ein underfamilie med om lag 200 artar av sommarfuglar. Dei lever særleg ved Stillehavet i Asia, mellom anna i Ny-Guinea, og i Amerika.
 
Monarksommarfuglar er til dels svært store, og dei kan ha vengjespenn opp til 9–10 cm. Dei finst ikkje bufaste i Europa. Nokre artar, mellom anna monark, Danaus plexippus, som opptrer på kysten av Sør- og Nord-Amerika, har larver som byggjer opp ei gift som fuglar ikkje liker. Dette vernet prøver også andre insekt å oppnå ved at dei etterliknar monarksommarfuglane gjennom såkalla mimikry.
 
Den same nordamerikanske arten er kjend for å flyge lange strekningar for å overvintre i sør. I store skarar kan dei flyge opptil 3000 km, og arten har mellom anna også komme til New Zealand og Australia, og over til Kanariøyane og Madeira.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2012
Sist oppdatert: 24.09.2012