Hopp til innhold
X
Innhald

Mosdyr

Mosdyr eller bryozoar, Bryozoa, er ei rekkje av virvellause dyr. Det finst om lag 15 000 fossile artar og om lag 5000 nolevande, av desse lever om lag 400 i Noreg.
 
Dei fleste mosdyra lever i havet. Der dannar dei fastsitjande koloniar som eit moseliknande overtrekk, store klumpar eller sirlige girlander på planter, skjel, steinar og liknande. Kvart individ er ofte mindre enn 1 mm.
 
Mosdyr har stor økonomisk innverknad på grunn av groing på skip og boreriggar. Fossila er vanlege i kalkhaldige lag, men dei er sjeldne i sandete avsetningar. Fossil av mosdyr er vanlege i Oslofeltet i ordoviciske og siluriske sediment og på Svalbard i perm og karbon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2012
Sist oppdatert: 24.09.2012