Hopp til innhold

 Blåskjel. Foto: Dara Robinson, flickr.com
Blåskjel. Foto: Dara Robinson, flickr.com
X
Innhald

Musling

Muslingar eller skjel, Bivalvia, er ei klasse av blautdyr med om lag 20 000 artar. Dei fleste lever i havet, men ein del lever i ferskvatn.
 
Muslingar er for det meste botndyr. Dei er kjende som fossil frå underkambrisk tid. Kroppen er trykt saman frå sidene, og han er omgitt av ein hudfold, ei kappe. Kappehola rommar gjeller, tarmkanal med meir. Kappa produserer to kalkskal som er bundne saman på ryggsida med eit elastisk band, eit ligament. Kalkskala kan lukkast med ein lukkemuskel som er festa til skala. Skala har eit indre lag av perlemor, det er som oftast glinsande.
 
På buksida har muslingen som regel ein fot. Muslingar kan feste seg til underlaget ved hjelp av byssustrådar. Mange muslingar filtrerer næring, plankton, frå vatnet. Dei fleste er særkjønna, men østers er tokjønna.
 
Den vanlegaste muslingen langs kysten av Noreg er blåskjel, Mytilus edulis, som vert brukt som mat og agn. Pålemakk og andre makkaktige muslingar lever av treverk. Ekte perlemuslingar, som finst i Stillehavet og Indiahavet, og elveperlemuslingar lager perler ved at partiklar som har trengt seg inn mellom skala, vert innkapsla i perlemor. Sjå perlemuslingar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.09.2012
Sist oppdatert: 24.09.2012