Hopp til innhold
 Mygg. Foto: jojonks, flickr.com
Mygg. Foto: jojonks, flickr.com
X
Innhald

Mygg

Mygg høyrer til underorden Nematocera blant insekt med to vengjer. Dei har vanlegvis ein spinkel kropp, lange, tynne bein og smale vengjer. Mest kjend er stikkemygg, Culicidae.
 
Larver og pupper utviklar seg i stilleståande vatn. Malariamygg er til særleg stor plage i fuktige, tropiske område. Andre stikkemygg overfører gulfeber, denguefeber og elefantsjuke. Gallmygglarver gjer skade på kulturplanter.
 
Knott finst i heile Noreg. Det finst om lag 50 artar av han, mellom anna gjendefluga og tunefluga. Knott angrip i svermar og syg blod. Stankelbein er ufarleg, larvene lever i jord. Fjørmygg er viktig mat for fisk, medan soppmygg har larver i sopp. Hårmygg dannar svermar over vatn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.09.2012
Sist oppdatert: 25.09.2012