Hopp til innhold
 Foto: Gunnar Birgisson, flickr.com.
Foto: Gunnar Birgisson, flickr.com.
X
Innhald

Nesledyr

Nesledyr eller polyppdyr, Cnidaria, er ei rekkje av primitive, fleircella dyr med nesleceller. Det finst om lag 10 000 artar, av desse finn vi 300 i Noreg. Kroppen er bygd opp av to cellelag, eit ytre og eit indre, og dei er ofte skilde av eit lag, mesogloea, utan celler. Nesledyr har radiær symmetri. Dei manglar sentralnervesystem og spesielle organ for pust, sirkulasjon og ekskresjon.
 
Nesledyr omfattar tre klasser: småmaneter. Dei er Hydrozoa, stormaneter, Scyphozoa, og koralldyr, Anthozoa. Småmaneter og stormaneter har generasjonsveksling med to individtypar: polypp og meduse, det vil seie manet. Hos koralldyra finst berre polypptypen. Sjå maneter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.09.2012
Sist oppdatert: 25.09.2012