Hopp til innhold
 Oldenborre amphimallon solstitialis. Foto Steve`s Wildlife, flickr.com
Oldenborre amphimallon solstitialis. Foto Steve`s Wildlife, flickr.com
X
Innhald

Oldenborre

Oldenborrer er relativt store biller med vifteforma følehorn. Dei høyrer til familien skarabear. Larvene er gråkvite og krumbøygde, og dei gjer stor skade på planterøter. 
 
Hos oss finst det fire artar skadedyr. Den største er kastanjeoldenborrer, Melodontar hippocastani, som bruker fire år på utviklinga. Dei tre andre artane, Sankthansoldenborrer, Amphimallon solstitialis, hageoldenborrer, Phyllopertha horticola, og brunoldenborrer, Serica brunnea, er mindre.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.09.2012
Sist oppdatert: 25.09.2012