Hopp til innhold
 Igle. Foto: Michael Jefferies, flickr.com.
Igle. Foto: Michael Jefferies, flickr.com.
X
Innhald

Orm

Ormar er ei fellesnemning på ein del virvellause dyr med ein langstrekt kropp utan lemer. Dei viktigaste er flatorm, rundorm og leddorm. Alle grupper opptrer både på land og i vatn.
 
Snyltarar finn vi særleg hos rundorm og flatorm. Børstemakk og igler er leddormar. Rundormar, nematodar, har enklare bygnad. Om lag 50 artar snyltar på menneske, for eksempel hakeorm, spolorm og trikin. Flatorm har også enkel bygnad med stor regenerasjonsevne. Til flatormane høyrer flimmerorm og parasittane iktar og bendelorm.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.09.2012
Sist oppdatert: 25.09.2012