Hopp til innhold
 Østers. Foto: Norsk Sjømatråd.
Østers. Foto: Norsk Sjømatråd.
X
Innhald

Østers

Østers, Ostreidae, er ein familie av muslingar som omfattar fleire artar som kan etast. Nordeuropeisk østers, Ostrea edulis, er den einaste arten i Noreg. Han kan etast rå når han er tre—ti år gamal. Østers har vore kultivert sidan romartida. I dei nordlege områda er østersen vekselvis hann og ho annakvart år, altså hermafroditt. Noreg er eit grenseområde for østers, og han vert dyrka i varme saltvasspollar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 02.10.2012