Hopp til innhold

 Raud kråkebolle. Foto: Asbjørn Hansen, flickr.com
Raud kråkebolle. Foto: Asbjørn Hansen, flickr.com
X
Innhald

Pigghud

Pigghuder, Ecinodermata, er ei rekkje virvellause havdyr som lever på havbotnen. Det finst om lag 6700 artar av dei, av desse finn vi om lag 150 i Noreg. Pigghuder har eit hudskjelett av kalkplater, til vanleg har det piggar.
 
Pigghudene manglar hovud og hjerne. Dei har som regel ein femstråla, radiær symmetri. Pigghuder er særkjønna. Dei lever av sniglar, algar med meir. Pigghuder vert inndelte i sjøliljer, sjøstjerner, slangestjerner, sjøpiggsvin og sjøpølser. Dei er kjende som fossil frå undre kambrium. Somme pigghuder dannar bergartar og er dermed gode leiefossil.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.09.2012
Sist oppdatert: 26.09.2012