Hopp til innhold
  Plankton. Foto: Nick Bonzey, flickr.com.
Plankton. Foto: Nick Bonzey, flickr.com.
X
Innhald

Plankton

Plankton er små organismar som driv passivt i frie vassmasser. Dei er direkte eller indirekte føde for alle dyr som lever i vatn.
 
Planteplankton, fytoplankton, er stort sett bygd opp av mikroskopiske organismar, mellom anna blågrønalgar, fureflagellatar og kiselalgar. Plankton kan berre leve i dei øvre vasslaga fordi dei er avhengige av lysenergi. Dei formeirar seg raskt ved celledeling, todeling. Plankton kan opptre i store mengder. Fenomenet moreld opptrer særleg hos fureflagellatar. Til vanleg vert planteplankton konsumert av dyreplankton, zooplankton. Dei omfattar mellom anna krepsdyr, makk, nesledyr, hjuldyr og pilormar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.09.2012
Sist oppdatert: 26.09.2012