Hopp til innhold

 Bladlus. Foto: Andreas Åkre Solberg, flickr.com
Bladlus. Foto: Andreas Åkre Solberg, flickr.com
X
Innhald

Plantesugar

Plantesugarar, Homoptera, er ein insektorden der munndelane dannar ein sugesnabel frå den bakre delen av undersida på hovudet. Alle lever av plantesaft. Plantesugarane har ufullstendig forvandling. Dei omfattar mellom anna bladlus, skjoldlus, mjøllus, sikadar og sugarar.
Det er kjent om lag 35 000 artar av plantesugarar, og av desse finn vi om lag 700 i Noreg. Plantesugarar og teger vart tidlegare slått saman i ein felles orden; nebbmunnar, Hemiptera.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.09.2012
Sist oppdatert: 26.09.2012